Å lista seg på kattepoter...

... Er tydelegvis ikkje så lurt. Ein vert lettare oppdaga enn ein skulle tru. Mamma har måla den nye trappa vår kvit. Det forsto ikkje katten. Resultatet er ein katt med endå kvitare poter enn før og masse fine kattepoter på plattingen.
 
dsc01554
Eg kom til å tenkja på ein song eg kunne då eg var mindre:

Vesle kattepus, kvar var du no?
Eg drog heim til mammaen min.
Vesle kattepus, kva gjorde du der?
Eg laga fotspor i trappen din?
Vesle kattepus, kva fekk du då?
...
Og så sluttar songen. For me slår då ikkje katten, sjølv om ho lagar kvite fotspor. Og for dei som ikkje kjende igjen songen over: Eg fann opphaveleg orginalversjonen, men så kjenst det så rart å ha han på bloggen når det var bokmål.


Stikkord:

Det vondes problem

Eg har allereie skrive om kva me driv med i religionen ein gong før, og her kjem litt meir. For som S.O. sa igår, det er inga fag me har so få timar i, men som me nyttar so mykje av tida vår til. Etter at me fekk ny lærar etter jul har religion vorte ein av dei kjekkaste faga. Samstundes er det so uhandterleg at me nyttar minst dobbelt so mykje tid til å diskutera det på kafé som i timen. Det er so vagt, eller so ullent som me som regel kjem fram til.

Den siste månaden har det gått i "Det vondes problem". For, om Gud er både allmektig og god, kvar kjem då det vonde ifrå. (No bør eg kanskje nemna innleiingsvis at eg ikkje trur på nokon Gud. Problemet vert derimot ikkje mindre interessant av den grunn.) For det er noko paradoksalt i det heile. For å parafrasera Hume, om Gud både vil og kan fjerna all vondskap, kvifor finst det vonde. Om han vil, men ikkje kan, so er han heller ikkje allmektig. Om han kan, men ikkje vil, er han då ein god Gud? Og om han korkje kan eller vil, kvifor skal me då kalla han Gud?

Vanskelege spørsmål, ikkje rart at mange har brynt seg på dei, frå Leibnitz til Luther. Og det finst fleire gode (og mindre gode) alternativ. Må det vonde finnast, for at me skal ha eit høve til det gode, kanskje? Utan skilnaden ville me ikkje vera i stand til å verdsetja det gode. Er det vonde ein straff, eller kanskje heller ein kraft som verker oppdragande på mennesket? Må Gud vera både god og vond for å vera perfekt?

Me samanlikna kristendomen og Islam her, og fann ganske klåre skilnader. For der kristendomen diskuterer det heile og ganske ofte "set Gud på tiltalebenken", vel Islam å seia at Gud berre er god. Alt anna er ein blanding av godt og vondt, viss ikkje ville det ikkje vore noko skilje mellom Gud og alt han har skapt. Menneska er ufulkomne, utan at dette samstundes er ei synd. Me må kjempa mot det vonde for å koma nærare Gud.

Noko løysing kom me aldri fram til, det ville vera sensasjonelt. Dimed kan me òg halda fram diskusjonen ved eit anna høve. Og det er ikkje so galt, det heller. Kanskje menneska treng slike spørsmål å grubla over. Og som S.O. sa, det er vel helst dei som ikkje er heilt sikre på kva dei trur, som oftast spekulerer i slikt. For om ein skal tru, må ein jo nesten akseptera Gud slik han er. Viss ikkje resulterer det berre i nye paradoks.

Nett no

Eg pustar ut. Det er påskeferie, endeleg, og sjølv om det ikkje kjenst ut som ferie, so er det iallefall mindre stress. Ikkje at den siste månaden ikkje har vore bra, det har berre vore so utruleg mykje å gjera, heile tida. Men eg trur eigentleg eg har det veldig bra, når eg får sove nok. For ting går bra, ting går eigentleg jævlig bra, og det kjenst som om eg faktisk får til noko. Eg trur kanskje eg har gjort nok bra i det siste, og den kjensla er utruleg fin. Nett no er det ganske fint å vera meg.
Stikkord:

Ytringsfridom

Amnesty har ei kampanje om ytringsfridom, og i dag oppfordra dei bloggarar til å skriva om ytringsfridom. Kanskje er det nettopp slik ein kan nå ut til folk. Kva er vel ikkje eit betre teikn på ytringsfridommen enn alle bloggane som dukker opp og døyr kvar dag på verdsveven. Nokre klikk unna har me ein heil skog av uoppdaga bloggar. Dårlege bloggar, gode bloggar, interessante bloggar, keisame bloggar. Bloggar som skriv om krig og fred, og bloggar som berre visar fram moteklede. Det er bloggar du les kvar dag, og bloggar som du aldri vil finne. Eit endelaust bibliotek utan kvalitetssjekk.

Ein blogg treng ikkje å vera viktig, men ein stad, mitt i alt mylderet av tankar som ikkje tydar noko som helst dukker det opp noko spanande, noko viktig. Der tusener av røyster hyler ut, er det kanskje ein som seier noko som er verd å høyra. Det er litt av sjarmen. Plutseleg ein dag ser du sanninga framføre deg på skjermen, svart på kvitt (eller kanskje grått på blodraudt), og du forstår noko. For der ute er det menneske som fortel om liva sine, i rike Noreg, eller i krigsramma Gaza. Ikkje berre tydar det noko å lesa ein slik blogg. Det tydar om så ufatteleg mykje at han vert lesen.

Det er ikkje utan grunn av nettovervaking har vorte viktig. Mylderet av bloggar og bloggtenester gjev oss høvet til å formidla ting raskt og til mange. Bloggen vert eit verktøy for ytringsfridom, fridom til å seia noko viktig, eller berre noko tull. Fridom til å gøyma kven me er eller bretta det ut på nettet. Gjennom bloggen kan kvar og ein uttrykkja seg sjølv, ein kan formulera kvar tanke fleire gonger, gå tilbake, sletta, endra. Gjennom bloggen fortel me noko om oss sjølv, endå kor lite me seier. Til slutt liknar bloggen eigaren, uavhengig av om han eller ho ynskjer det, nett som hundar og hundeeigarar alltid liknar på kvarandre.

Samstundes er ein blogg eit passivt verktøy. Du veit aldri om nokon les han, om nokon faktisk bryr seg, så lenge dei ikkje etterlèt seg ein kommentar. Men sjølv om ein blogg ikkje kan endra verda, kan nok hundrevis av bloggar faktisk gjera ein skilnad. Ein blogg får den som skriv til å tenkja, ein god blogg gjer at lesaren byrjar å tenkja òg. Og ikkje minst, gjennom bloggane våre nyttar me den ytringsfridomen me til vanleg tek for gitt. Idag nyttar eg bloggen min til å hugsa på denne ytringsfridommen, som er er så lukkeleg for at eg har, og som eg likevel tenkjer så altfor lite på.

Ein eller annan stad las eg ein gong sitatet: "Write a blog, save a tree". Eg trur eg skal gjera det til mitt eige og seia: "Write a blog, save a thought".

Vinterferie

Det var denne ferien eg liksom berre skulle sova og slappa av og gjera ingenting. Ikkje skule, nesten ikkje nynorsk, ja, ingenting. Og kva skjer?

Igår, nøyaktig to timar før ferien byrjar får eg ein telefon frå Jens (Kihl). Han har ein idé. Saka er den at på landsstyremøtet til målungdommen sist helg fekk eg (og Eirik Tengesdal) vedteke ei fråsegn om bruk av dialekt på toget. For idag er det ei dame som snakkar normert bokmål som uttaler haldeplassnamna, og det er ikkje så kult. Så sentralstyret gjer jobben sin og skriv pressemelding på fråsegna. Og pang, der er målungdommen i vinden igjen. Saka vert fanga opp av NTB og kjem i alle nettavisene. Jens går i radiodebatt. Og får så denne gode idéen:

Kvifor stiller ikkje målungdommen i Stavanger seg opp på togstasjonen klokka 07.00 på mandag morgon og samlar inn underskrifter? Og mens de er i gang kan de vel laga eit opprop på nettet. Sjølvsagt høyrer eg på Jens, og eit drøyt døgn seinare har eg knapt tenkt på anna. Eg har laga opprop, laga fjesbokgruppe, skrive lesarinnlegg, laga underskriftslister og invitert folk med på aksjon. Og sjølv om det er mykje arbeid, er det sinnsykt kult. No treng eg berre ringa pressa og få med endå meir folk.

Vil du vera med og samla inn underskrifter for at haldeplassnamna skal verta annonserte på dialekt? Still opp på togstasjonen i Stavanger klokka 07.00 mandag 23.2. Eg er ho jenta med pannelugg og masse ark i hendene.

Oppdatering:
Aksjonen vart riktig vellukka, sjølv om me ikkje var meir enn tri stykker som dukka opp. Men aftenbladet kom og laga sak. Litt teit at dei vinkla det som om det heile var mållaget si idé, menmen. Me fekk då 50 underskrifter, og gjev oss ikkje her. Så starta styret. For eg drog heim og ante fred og inga fare til tv Aftenbladet ringte (dritt-tv, det var dei som filma utringinga mi sist, eller "eit djupdykk i nynorsken" som Eirik Sakkariassen likar å kalla det). Og eg sa sjølvsagt ja til å stilla opp, pr er jo pr.

Men så ringte NRK Rogaland, som eg eigentleg likar mykje betre, men som ikkje hadde klart å formidla frå eit skift til eit anna at Målsiddisane hadde aksjon. Dei ville likevel ha meg bort for å prata på radioen, så det gjorde eg jo. Så fann dei ut at dei godt kunne tenkja seg å ha meg som gjest i studio seinare på kvelden. Radiogreia gjekk godt, trur eg. Fekk fem minutter eller noko, og det er jo over all forventing. I tillegg liker dei nynorskfolk der oppe, og lagar okei saker på oss.

Så var det tid for tv Aftenbladet. No kan ein merka seg at NRK ligg oppe ved universitetet, ein god busstur frå byen. Eg drog altså ned til byen, venta i ein og ein halv time, drog til Aftenbladet og prata der. Dei hadde spurt folk på gata, utan å finna ein som var for ideen vår. Så eg måtte nytta masse tid på å pressa inn argumenta våre og leggja nye premissar for å ikkje høyrast ut som ein idiot. Folka var ukoselege og hilste ikkje ein gong, men greitt nok.

Så var det venting i ei og ei halv time til, før eg tok bussen opp igjen til NRK Rogaland. No har eg endeleg lært kvar eg skal gå, så det tok ikkje like lang tid. Der var eg gjest i lokalsendinga, og var nøgd med å verta flytta fram før svanene med livsstilssjukdommar (som eg skal blogga om ein annan gong). Det var eigentleg veldig okei, eg klarte faktisk å sjå på det i etterkant, og det er ikkje kvar dag.

Eg smiska meg til å verta henta, og drog heim. Det varte ikkje lenge før jærradioen ringde, så eg var på lufta der i dag, og gjentok meg sjølv for femte gong.  No er det nok presse på ei stund, men eg har så mange telefonnumre etter kvart at det iallefall bør vera høve å få litt presse på landsmøtet vårt i Stavanger. No skal eg slappa av, skjer det noko meir får det venta til etter ferien.

Snø i Stavanger

Det er no heilt tydeleg for meg at verda har eit klimaproblem. Snøen ligg i Stavanger, og vil ikkje forsvinna. Det snør berre meir og meir, og butikkane merkar ikkje finanskrisa av di alle vil ha nytt skiutstyr. Overalt stavrar siddisungar seg rundt på ski i hagane sine. Dei er ikkje så flinke, for det plar ikkje vera så mykje snø her. Sjølv om det er midt i februar, og det liksom snart skal gå mot vår. Kva vert det neste?

Kvar vart januar av?

Plutseleg var det februar. Eg er framleis ikkje sikker på kvar januar vart av, kanskje han rømde? Eller vart han berre borte, demontert eller tillintetgjort som i ei bok av Johan Harstad? Eg har i hovudsak to idear:

For det fyrste nytta eg tri veker til å laga skuleteater, igjen. Utruleg gøy og veldig slitsamt. Eg fiksa lyd og drog i leidningar. Mesteparten av tida gjekk det bra, ein gong gjekk det rett til helvete, men det treng me ikkje snakka om. Trass alt er dei tri vekene med idun noko av det kjekkaste eg veit, sjølv om det tydar lite mat, lite svevn, lite skule, lite folk utanom dei som heng på idun, ja generelt veldig lite anna enn iduns julekomedie. Men kjekt er det no. Endå betre vart det av at stykket vårt, Disiplar, fekk så utruleg gode kritikkar.

Den tida eg ikkje var på idun trur eg forsvann på andre skular. Eg drog på målferd heile tri gonger, og koste meg like mykje kvar gong, sjølv om det òg tydde at eg forsvann frå skulen. Resultatet er at eg ikkje har peiling på kva me driv med i somme fag. Målsetnaden no er berre å vera på skulen nokre veker, så eg veit kva me gjer, i det minste. Men det er jo så kjekt å reisa rundt og prata om kor viktig språk, og særleg nynorsk er. Eg får vel spre det litt utover neste gong, så eg slepp av læraren trur at eg er sjuk i vekevis.

Så, om de ikkje såg meg sist månad, så fortvil ikkje. Eg er tilbake på normalnivået no, og har nesten teke att alle dei timane med svevn eg misste. Om ein berre kunne spara opp svevn i gode periodar og nytta han når ein treng det. Det hadde vore ein god idé det. Noko å tenkja på når eg held på å sovna i kjemitimen torsdag morgon...

Kjøleskapsdikt

Medan eg fyrst er i gong får de nokre nye kjøleskapsdikt.

Kor kan eg leita
etter midtpunkt
Desse dagane eg gjeng
som ei skugge av stjernor?


Um berre ikkje
dromedarar var til
kunne Jolekvelden kome!


Fuglane stryk mot nymånen
og katten frys
desse dagane midtvinters

Då stundom varast eg:
Det kjem ljos yver fjorden

Året eg vart nynorsknerd

Det har vore advent, utan at eg blogga om det. KEM hadde ein utruleg koseleg joleverkstad, utan at eg nemnte det. Eg har skrive fleire nye kjøleskapsdikt som ikkje ligg på veven. Det var jol, og eg gløymde skriva om det. Eg har ete så altfor mykje mat, utan at eg har klaga over det. Målsiddisane arrangerte grautkveld utan at de fekk vita om det.  Året var over, utan at eg ynskte dykk godt nytt år. Så no skriv me 2009.

Og eigentleg ville eg ikkje oppsummera det gamle året. For, sjølv om det var eit fantastisk år, er det over. Som alltid er det utruleg mykje eg kunne gjort annleis, så mykje eg burde ha gjort, og somme ting eg sikkert kunne ha klart meg heilt fint utan. Jamvel var 2008 eit utruleg bra år. Noko av det aller beste som hendte, hendte i januar, då eg dro på vinterleir med NMU. Når eg tenkjer tilbake, er eg ikkje sikker på kva planer eg ville hatt, eller kven eg ville vore utan den. Nesten alt det gode som hendte i 2008, hendte på grunn av NMU og vinterleiren deira. Så balla det berre på seg. Så her kjem ei lita opppsummering likevel:

Eg har slutta å rekna året mitt frå årsskifte til årsskifte, og byrja å rekna frå landsmøte til landsmøte. Eg har lese eg veit ikkje kor mange sider språhistorie, men det er godt over tusen, iallefall. Eg har halde nokre meir eller mindre vellukka innleiingar. Eg har vore på utruleg mange bra tilskipingar. Eg har vore med å bestemt kva organisasjonen skal gjera vidare. Eg har nesten grine på eit av mållagskontora, der valnemnda jobba. Eg har vore på målferd med Vebjørn, eg har skrive i motmæle, og eg har snakka stygt om rektor på TV. Eg er no, offisielt, berre kjent som "nynorskdama" på skulen. Og viktigst av alt, eg har vorte kjent med utruleg mange fantastiske menneske, som på kvar sin måte gjorde året fantastisk.

Og enno er det litt igjen av året. Før landsmøtet i mars skal eg på to målferder, halda ei innleiing, skriva litt til motmæle, halda eit (og eit halvt) årsmøte, lesa endå meir språkhistorie, granske politikken vår for moglege ting som kan verta betre, dra til oslo på lst-møte (billetten kosta berre 199,- kvar veg, Vebjørn!) og arbeida i lokalnemnd. Det vert travelt, og det vert fantastisk gøy.

Om de trur eg ikkje har noko liv utføre NMU så er det berre nesten sant. Og slik har eg det bra, eigentleg.

Sju ting de kanskje ikkje veit om meg

Berre så utruleg lenge sidan siste post! Og eg som eigentleg liker å skriva her. I mellomtida har eg fått ei utfordring frå Sara: Skriv ned sju ting de kanskje ikkje viste om meg.

1. Eg har spelt i korps like lenge som eg har snakka reint. Det er ei stund. Sume gonger kjenst det som om eg allereie har spelt alle songane i arkivet frå før av.

2. Eg søv med døra halvopen av gamal vane, ettersom eg alltid måtte ha litt ljos inn då eg var mindre. Døra mi er så sjeldan lukka, at dei heime som regel bankar på når han er det.

3. Då eg var 17, og budde eg eit år i Frankrike, skreiv eg bokmål. Eller, ein slags bokmål med setningar utan skikkeleg ordstilling og 25% franske ord og uttrykk.

4. Eg skulle ikkje ynskje eg kunne oppleva noko år frå eg vart fødd og fram til no, om igjen. Eg trur aldri eg har hatt det så bra, eigentleg.

5. Eg skal ikkje verta saman med nokon igjen før eg veit kven eg vil vera. Kan de minna meg på det igjen, om eg gløymer det?

6. Eg kan gjera mattestykker for å roa meg ned etter ei slitsam oppleving. Forstå det, den som kan.

7. Eg vert lett avhengig av ting. Som sjokolade, ein song, eit dataspel eller ein person.

Nye kjøleskapsdikt

Eg skriv ikkje så mykje enno, men her får de nokre dikt til. Frå meg til dykk ein desemberdag:
Um berre dagane
ikkje var til
kunne eg leita
som ei skugge

eg er redd
den halvferdige snømannen
nifs og ordlaus
stend han i armodskuggen
draumar eg?

dogvått bulmegrad
frys ikkje
men blenkjer som stjernor
høyrde du dei?

Om Aylar og Nora

På fredag fekk eg ei sær oppgåva. Ho var så sær at eg trur de må få sjå på ho:

NORA: Hva regner du da som mine helligste plikter?
HELMER: Og det skal jeg behøve å si deg!
Er det ikke pliktene imot din mann og dine børn?
NORA: Jeg har andre likså hellige plikter.
HELMER: Det har du ikke. Hvilke plikter skulle det være?
NORA: Pliktene imot meg selv.

"Et dukkehjem" ble skrevet for godt over hundre år siden, på en tid da lerkefuglene og vokterne deres var tallrike. I 2005 kan norske kvinner- i alle fall de fleste- gå ut døra hvis de vil, og de kan gå inn de dørene de vil- i alle fall de fleste. Betyr det at lerkefuglen er utdødd?"  (Ivo de Figueiredo, Slipp meg, 2006).

Oppgave:
Ibsens Nora blir ofte sett på som et typisk eksempel på en opprørshelt i forhold til det bestående. I en Ibsen-biografi bruker Ivo de Figueiredo et bilde av en lettkledd Aylar som illustrasjon til "Et dukkehjem". Drøft hvorvidt denne bruken av Aylar som bilde på dagens Nora er i tråd med hvordan den opprinnelige Nora framstilles av Ibsen. Hvordan framstår de to i forhold til "Det Moderne prosjektet"?


Oppgåva fekk me av ein ped.student som har klassen vår i norsk. Eg tykkjer ho er rar, og enda vel opp med å konkludera med at Aylar tilhøyrer postmodernismen. Nei, sjølv om dette er som teke ut av kunnskapsløftet er eg skeptisk! At oppgåva var illustrert av Aylar gjorde det ikkje betre. Kan eg ikkje få tolka «Garman & Worse»?
Stikkord:

Paul og meg

Eg har byrja lesa ei bok av Paul Auster. Han er ein av dei forfattarane eg er mest glad i, men eg plar spara bøkene til ein ferie. No passte det likevel å lesa ei bok. Einaste problemet var at dei me hadde, som eg ikkje har lese, er omsett til norsk. Det tykkjer eg ikkje så mykje om. Difor vart eg veldig glad då eg fann boka «Smoke and Blue in the Face». Eg hadde aldri høyrt om ho, men eg byrja lesa, og det viste seg at det var manuset og historiene rundt ein film, Smoke, basert på ei novelle av Paul(ei av d ei einaste han nokon gong har skrive). No er eg fortapt, igjen.

Eg liker ikkje å verta lurt, den einaste som får lura meg er Paul. I bøkene hans snurrar han meg rundt lillefingeren, eg freistar nesten ikkje gjetta korleis det skal gå lenger. Bøkene er som eit glas god vin. Dei gjer meg ei god kjensle, som raskt kan få meg til å føla meg litt svimmel. Eg har enno mange bøker igjen av han, og det er eg glad for. Eg treng ikkje skynda meg med Paul, eg trur han ventar på meg. Når eg er klar, er han der. Og han har alltid ei historie klar som får meg til å tenkja, til å lura på kva som er verkeleg og kva som er fiksjon. Paul lurer meg alltid.

Ei øving i avspenning

Går det eigentleg ann å tømma hovudet for tankjer? Å sleppa alt utanom tanken på at du puster? Eg spør av di me hadde avspennings- og stressmestringskurs i gymtimen idag. Det viktigaste øvinga var ein form for sjølvhypnose kalla autogen trening. Det skal gje deg ny energi og auka evna til å fokusera. Ein kan gjerne gjera det 2-3 gonger til dagen, og det tek berre to minutter. Men for at det skal gå automatisk, må ein helst bruka 3 mnd på å øva det inn.

Fyrst finn du deg ein plass på golvet, i eit rom der det er heilt stille. Legg beina parallelt, lukk auga og slapp av i heile kroppen. Så går du inn i deg sjølv og finn ein stad det er godt å vera. Når du er der, seier du inni deg:
Eg er roleg
Det pustar i meg
Høgre arm er tung (venstre arm for venstrehendte)

Dette gjentek ein i to minutter. Alle tanker som kjem skal ein skyva bort og tenkja etterpå. Når to minutter er godt (eller når du nesten sovner) strekk du ut armane og opnar augo.

I byrjinga kan det vera vanskeleg å slappa av, men etter kvart kjem det av seg sjølv. Så kan du utvida øvinga til fleire kropsdelar og ved å fortelja deg sjølv at blodet skal strømma til kroppsdelen. Slik kan ein både slappa av nok til å få seg sjølv på sjukehus etter hjarteinfarkt og halda seg varm og ein går seg vill på fjellet. Praktisk?

Eg er fascinert av kor mykje ein faktisk kan gjera med berre tankekraft. Dette skal eg prøva å halda fram med, kanskje vert eg eit betre menneske?

No er det 3,5 grader ute...

... og eg frys heilt inni meg. Kanskje har det noko med at nesten alle eg er glade i bur så langt vekke. Eller så er det berre det at eg har eit av dei einaste romma i huset utan isolerte yttervegger. Og den kaldaste dyna. Eg veit ikkje, eg. Til å varma dykk får de eit dikt av Charles Baudelaire, som var ein fransk symbolist frå 1800-talet. Dikta hans smyg seg under huda og inn i ryggmargen og gjev meg frysningar når eg les dei. Kanskje ikkje så rart, sidan dei er sterkt inspirerte av Edgar Allan Poe. Sidan det er så kaldt ute i dag, får de eit litt varmare dikt. Diktet er frå samlinga «Les fleurs de mal» (dei vonde blomane) , er ein del av seksjonen «Spleen et Idéal» og heiter «Parfum exotique»:

Parfum Exotique
Quand, les deux yeux fermés, en un soir chaud d'automne,
Je respire l'odeur de ton sein chaleureux,
Je vois se dérouler des rivages heureux
Qu'éblouissent les feux d'un soleil monotone:

Une île paresseuse où la nature donne
Des arbres singuliers et des fruits savoureux;
Des hommes dont les corps est mince et vigoureux,
Et des femmes font l'oeil par sa franchise étonne.

Guidé par ton odeus vers de charmants climats,
Je vois un port rempli de voiles et de mâts
Encor tout fatigués par la vague marine,

Pendant que le parfum des verts tamariniers,
Qui circule dans l'air et m'enfle la narine,
Se mêle dans mon âme au chant des mariniers.

Eg hadde bestemt meg for ikkje å omsetja, men der gjorde eg det vist likevel. Om de heller vil ha ein betre versjon kan de gå her for å finna fleire ulike omsetjingar frå fransk til engelsk.

Eksotisk parfyme
Når eg, med lukka auge, ein varm haustkveld,
Puster inn lukten av dine varme bryst,
Ser eg glade strender og lukkeleg kyst
Som stråler i ljos frå ein sol på hell.

Ei døsig øy naturen har skjenka
Eineståandre tre og smakfulle vekster;
Menn med ein kropp som er lang og lekker,
Og kvinner som får auga til å blenka.

Din lukt av varme strok trekk meg fram,
Eg ser mastar og segl i ein hamn
Enno trøytte av havets bølgjer.,

Medan duften av grøne tamariner,
Som fyller lufta og alltid oss følgjer
Blandast i sjelen med skipsvers-liner.

...diktdilla held fram

No er kjøleskapet fult av nye dikt eg kan dela med dykk. Eg vert så glad kvar gong nokon nyttar dei vakre orda til Geirr Tveitt og Olav H. Hauge til å seia noko morosamt, ettertenksomt. Morfar, som er nynorskmann, stussa litt på ordvala.

Du kjem noko seint
høyrde ikkje


Berre ikkje snakk um katten

(passar bra, då katten er heilt vill og gal)


stjernor blenkjer
seinhaustes
Skal me leita etter draumar?


Framyver gjeng me
som halvferdige draumar
ei skugge i sumarnatta

eg var ein annan då

Lyden av oktober

Eg suser ned mot byen på sykkel. Det regnar alt for mykje, men det gjer ikkje så mykje, for eg har skjørt og strømpebukse på, og det tek ikkje opp like mykje vatn som ei dongeribukse. Frå Ipoden i lomma kviskrar Thomas Dybdahl meg visdomsord på den rolege, melankolske og somme gonger litt frustrerte måten sin. Denne gongen er det verkeleg «That Great October Sound» og eg syng med alt eg kan. Det er jo likevel ingen som kan høyra meg når alle andre har misforstått og funne ut at bilen er den beste måten å koma seg fram på i regnet. Rennande maskara eller ikkje, i haustregnet med Thomas Dybdahl er eg lukkeleg.

Snakk litt med kjøleskapet

I bergen kjypte eg nynorsk kjøleskapspoesi. Du veit, slike magnetar med ord ein kan laga dikt av. Mine ord er tufta på dikta til Geirr Tveitt og Olav H. Hauge, og eg trur berre ein kan laga fine dikt med så mange ord. Pappa og meg fekk heilt dilla. Her er eit utdrag frå kjøleskapet:

Nymånen stend skamfull
kan han ikkje
stundom
vera rådvill
han òg?

Månerakettar i kirsebærtreet
fuglane tek gartnaren

Snømenner midtvinters
ordlaus som dagane
eg gjeng dit kor
sumernatta blenkjer

kvite giftpiler
ikkje faen um eg er redd
framyver kjem eg
som mi skugge

katten ligg attum
parkerpennen
kåt

Idag er ein bra dag

Fysikkprøven er ikkje før på onsdag og det vert tur med fysikklassen til Genève. Eg har kjypt nytt batteri til ibooken min og ipoden har enno meir straum. Me hadde sjokoladekake til dessert og familien har bestemt seg for å ta ei langhelg i ein europeisk storby i vinterferien. Odd Nordstoga gjer dagane betre og gitaren ventar på meg når eg kjem heim. Eg er komen heim frå ei fantastisk veke i Bergen og veit at eg snart skal sjå dei eg er glade i igjen. Idag er definitivt ein bra dag.

Heime igjen

Haustferien vart bortimot perfekt. Fyrst nokre rolege dagar der eg berre var med Eirik utan å gjera noko (særleg) meir enn å eta og sjå six feet under. Det var utruleg herleg å berre slappa av. Så kom haustens høgdepunkt: Mangfaldsseminaret til NMU på St. Paul skule i Bergen. Fredag til søndag gjekk eigentleg i eit med handling, rydding av skulen, henting av målungdommar, innleiingar, kvisskveld, nattevakt, meir innleiingar, morsmålsdemonstrasjon, dialektprisutdeling, valnemndsarbeid, litt svevn, meir innleiingar og så rydding før me vendte nasen heim att. I det heile tatt var det ei vellukka helg med utruleg mange koselege målungdomar. Nett no er eg verkeleg i ei nynorskboble!

Bergen

No sit eg hjå Eirik og bloggar medan han står i dusjen. Han veit ikkje at eg har blogg, så eg må blogga fort. Akkurat no er ting berre så utruleg bra, sett bort ifrå at me framleis ikkje får meir penger til lærebøker, at alle nynorskelevane framleis ikkje kjem til å få bøkene sine og at me kjem til å få masse bruk for det fine «Fri oss frå bokmålet»-banneret vårt. Det siste er kanskje ikkje ein dårleg ting..

IRC, eller korleis redda eit forhald

Det er ikkje alltid like enkelt å ha ein kjæraste i Bergen med telefonskrekk, som i tillegg har gløymd ladaren sin ein stad for ein månad sidan. Å ha eit epost- og fjesbokpratforhold er ikkje særleg kult. Og eg hatar, verkeleg hatar msn messenger, så det skal eg iallefall ikkje bruka. Men no har Eirik funne på noko lurt. Irc, kallast det, og fanst lenge før msn og fjesbokpratekanalen såg lyset og er eit gamaldags pratesystem bygd opp av kanaler og rom. Eg og eirik har vårt eige rom på ein kanal, og så kan me prata saman. Og veit de kva? Det fungerer!

Haust, igjen

Æsj. Eg er forkjøla og føler at nasen min har vokst til dobbel storleik, minst. Det skjer kvar haust, og eg har framleis ikkje funne nokon måte å unngå det på. Eg trur det har noko med at temperaturen endrar seg meir enn fem grader over ein dag. No skal eg freista å gjera ingenting i nokre dagar og sjå om eg vert betre. Men har eg like mykje flaks som vanleg, varer det vel iallefall til jul.

Sauar over senga

I taket over senga mi har eg sauer som lyser i mørket. Så har eg noko å sjå på når eg ikkje får sova. Men sidan det er så få av dei, må eg telja kvar sau mange gonger. Når eg skal flytta, vil eg ta sauane mine med meg. Så har eg noko kjent å sjå på før eg sovnar. Sauane dreg aldri sin veg, dei. Når eg ser sauar som røyrer seg, då veit eg at eg søv. Då gjeld det berre å ignorera tanken og sova vidare. Somme gonger oppdager eg at eg søv medan er søv. Det er like underleg grensesprengande kvar gong!

Skyt, han ikkje vent til eg kjem

Kva er det med kommareglar? Eg kan ikkje setja komma, og når eg set eit kjem det alltid på feil plass. Sist stil eg skreiv hadde meir enn ti kommafeil og læraren har tilbudt meg ekstraundervisning i kommareglar. Det kan då ikkje vera så vanskeleg?

Litt buddhistisk filosofi

Eg har «Religion og Etikk» i år. Med den boka far til Jostein har kritisert for gamaldags språk. Og skulens sprøaste lærer, som nyttar timane til kritisera Islam som religion og pressa alle religionar, utanom kristendommen, sjølvsagt, inn i normen «Stammereligion». Heldigvis drog ho på tur nokre veker for å kartleggja muslimane sin fryktelege framferd i Indonesia, og me fekk verdas søtaste filosofilærer som freista å gje oss ei innføring i buddhistisk filosofi. Her er eit utdrag:

Ifølgje buddhistisk filosofi kan inkje eksistera utan at det er uforanderleg, udeleleg og uavhengig. Eg har ein vakker porselenskopp med te. Så knusar eg koppen med te mot golvet eg står på. No har eg ikkje lenger ein kopp med te. Følgjer me resonementet over, har eg heller aldri hatt ein kopp med te. Kva hadde eg då? Buddhismen seier og at ein ting som ikkje er uforanderleg, ikkje har nokon substans. Det er difor ein tom ting. Me kan slutta av form=tomhet. Likevel, denne tomheten ser ut som ein tekopp. Av dette kan me slutta at tomhet=form.

Buddhismen søkjer Nirvana, men er fanga i Samsara. Men akkurat som tekoppen var ein illusjon, er og samsara og nirvana illusjonar. Me kan tenkja oss at Samsara=ingenting. Og Nirvana=ingenting. For dei som hugser ein snev av matte eller logikk, verker det logisk å setja inn uttrykket for ingenting i den eine likninga med uttrykket for ingenting i den andre likninga. Me får då det overaskande resultatet: Nirvana=Samsara! Det er noko å tenkja over, det.

Endå ein nynorskblogg, tenkjer de...

Trass ymse erfaring med ulike bloggar, så ligg tankene mine nok ein gong på veven. Eg ser det dimed som naudsynt å koma med ei åtvaring. Eg kan korkje skriva dikt, ta bilete, diskutera politikk eller koma med artige ord frå heimstaden min. Det einaste eg har å dela er dagane mine. Mørke dagar og ljose dagar. I mitt hovudet kjem dei side om side, som bøkene i ei bokhylle.

Stikkord:
Les meir i arkivet » Juni 2009 » April 2009 » Mars 2009
hits