Heime igjen

Haustferien vart bortimot perfekt. Fyrst nokre rolege dagar der eg berre var med Eirik utan å gjera noko (særleg) meir enn å eta og sjå six feet under. Det var utruleg herleg å berre slappa av. Så kom haustens høgdepunkt: Mangfaldsseminaret til NMU på St. Paul skule i Bergen. Fredag til søndag gjekk eigentleg i eit med handling, rydding av skulen, henting av målungdommar, innleiingar, kvisskveld, nattevakt, meir innleiingar, morsmålsdemonstrasjon, dialektprisutdeling, valnemndsarbeid, litt svevn, meir innleiingar og så rydding før me vendte nasen heim att. I det heile tatt var det ei vellukka helg med utruleg mange koselege målungdomar. Nett no er eg verkeleg i ei nynorskboble!

2 kommentarer

Sara

13.okt.2008 kl.19:37

Den bobla vil eg aldri ut av! :)

S&J

14.okt.2008 kl.00:46

Nynorsk e best :)

Skriv en ny kommentar

hits