Året eg vart nynorsknerd

Det har vore advent, utan at eg blogga om det. KEM hadde ein utruleg koseleg joleverkstad, utan at eg nemnte det. Eg har skrive fleire nye kjøleskapsdikt som ikkje ligg på veven. Det var jol, og eg gløymde skriva om det. Eg har ete så altfor mykje mat, utan at eg har klaga over det. Målsiddisane arrangerte grautkveld utan at de fekk vita om det.  Året var over, utan at eg ynskte dykk godt nytt år. Så no skriv me 2009.

Og eigentleg ville eg ikkje oppsummera det gamle året. For, sjølv om det var eit fantastisk år, er det over. Som alltid er det utruleg mykje eg kunne gjort annleis, så mykje eg burde ha gjort, og somme ting eg sikkert kunne ha klart meg heilt fint utan. Jamvel var 2008 eit utruleg bra år. Noko av det aller beste som hendte, hendte i januar, då eg dro på vinterleir med NMU. Når eg tenkjer tilbake, er eg ikkje sikker på kva planer eg ville hatt, eller kven eg ville vore utan den. Nesten alt det gode som hendte i 2008, hendte på grunn av NMU og vinterleiren deira. Så balla det berre på seg. Så her kjem ei lita opppsummering likevel:

Eg har slutta å rekna året mitt frå årsskifte til årsskifte, og byrja å rekna frå landsmøte til landsmøte. Eg har lese eg veit ikkje kor mange sider språhistorie, men det er godt over tusen, iallefall. Eg har halde nokre meir eller mindre vellukka innleiingar. Eg har vore på utruleg mange bra tilskipingar. Eg har vore med å bestemt kva organisasjonen skal gjera vidare. Eg har nesten grine på eit av mållagskontora, der valnemnda jobba. Eg har vore på målferd med Vebjørn, eg har skrive i motmæle, og eg har snakka stygt om rektor på TV. Eg er no, offisielt, berre kjent som "nynorskdama" på skulen. Og viktigst av alt, eg har vorte kjent med utruleg mange fantastiske menneske, som på kvar sin måte gjorde året fantastisk.

Og enno er det litt igjen av året. Før landsmøtet i mars skal eg på to målferder, halda ei innleiing, skriva litt til motmæle, halda eit (og eit halvt) årsmøte, lesa endå meir språkhistorie, granske politikken vår for moglege ting som kan verta betre, dra til oslo på lst-møte (billetten kosta berre 199,- kvar veg, Vebjørn!) og arbeida i lokalnemnd. Det vert travelt, og det vert fantastisk gøy.

Om de trur eg ikkje har noko liv utføre NMU så er det berre nesten sant. Og slik har eg det bra, eigentleg.

2 kommentarer

Iselin

03.jan.2009 kl.20:14

Huff... Ekke glad i nynorsk jeg..

Vebjødn

04.jan.2009 kl.18:56

"(billetten kosta berre 199,- kvar veg, Vebjørn!)"

Det er jenta si!

Skriv en ny kommentar

hits