Kvar vart januar av?

Plutseleg var det februar. Eg er framleis ikkje sikker på kvar januar vart av, kanskje han rømde? Eller vart han berre borte, demontert eller tillintetgjort som i ei bok av Johan Harstad? Eg har i hovudsak to idear:

For det fyrste nytta eg tri veker til å laga skuleteater, igjen. Utruleg gøy og veldig slitsamt. Eg fiksa lyd og drog i leidningar. Mesteparten av tida gjekk det bra, ein gong gjekk det rett til helvete, men det treng me ikkje snakka om. Trass alt er dei tri vekene med idun noko av det kjekkaste eg veit, sjølv om det tydar lite mat, lite svevn, lite skule, lite folk utanom dei som heng på idun, ja generelt veldig lite anna enn iduns julekomedie. Men kjekt er det no. Endå betre vart det av at stykket vårt, Disiplar, fekk så utruleg gode kritikkar.

Den tida eg ikkje var på idun trur eg forsvann på andre skular. Eg drog på målferd heile tri gonger, og koste meg like mykje kvar gong, sjølv om det òg tydde at eg forsvann frå skulen. Resultatet er at eg ikkje har peiling på kva me driv med i somme fag. Målsetnaden no er berre å vera på skulen nokre veker, så eg veit kva me gjer, i det minste. Men det er jo så kjekt å reisa rundt og prata om kor viktig språk, og særleg nynorsk er. Eg får vel spre det litt utover neste gong, så eg slepp av læraren trur at eg er sjuk i vekevis.

Så, om de ikkje såg meg sist månad, så fortvil ikkje. Eg er tilbake på normalnivået no, og har nesten teke att alle dei timane med svevn eg misste. Om ein berre kunne spara opp svevn i gode periodar og nytta han når ein treng det. Det hadde vore ein god idé det. Noko å tenkja på når eg held på å sovna i kjemitimen torsdag morgon...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits