Vinterferie

Det var denne ferien eg liksom berre skulle sova og slappa av og gjera ingenting. Ikkje skule, nesten ikkje nynorsk, ja, ingenting. Og kva skjer?

Igår, nøyaktig to timar før ferien byrjar får eg ein telefon frå Jens (Kihl). Han har ein idé. Saka er den at på landsstyremøtet til målungdommen sist helg fekk eg (og Eirik Tengesdal) vedteke ei fråsegn om bruk av dialekt på toget. For idag er det ei dame som snakkar normert bokmål som uttaler haldeplassnamna, og det er ikkje så kult. Så sentralstyret gjer jobben sin og skriv pressemelding på fråsegna. Og pang, der er målungdommen i vinden igjen. Saka vert fanga opp av NTB og kjem i alle nettavisene. Jens går i radiodebatt. Og får så denne gode idéen:

Kvifor stiller ikkje målungdommen i Stavanger seg opp på togstasjonen klokka 07.00 på mandag morgon og samlar inn underskrifter? Og mens de er i gang kan de vel laga eit opprop på nettet. Sjølvsagt høyrer eg på Jens, og eit drøyt døgn seinare har eg knapt tenkt på anna. Eg har laga opprop, laga fjesbokgruppe, skrive lesarinnlegg, laga underskriftslister og invitert folk med på aksjon. Og sjølv om det er mykje arbeid, er det sinnsykt kult. No treng eg berre ringa pressa og få med endå meir folk.

Vil du vera med og samla inn underskrifter for at haldeplassnamna skal verta annonserte på dialekt? Still opp på togstasjonen i Stavanger klokka 07.00 mandag 23.2. Eg er ho jenta med pannelugg og masse ark i hendene.

Oppdatering:
Aksjonen vart riktig vellukka, sjølv om me ikkje var meir enn tri stykker som dukka opp. Men aftenbladet kom og laga sak. Litt teit at dei vinkla det som om det heile var mållaget si idé, menmen. Me fekk då 50 underskrifter, og gjev oss ikkje her. Så starta styret. For eg drog heim og ante fred og inga fare til tv Aftenbladet ringte (dritt-tv, det var dei som filma utringinga mi sist, eller "eit djupdykk i nynorsken" som Eirik Sakkariassen likar å kalla det). Og eg sa sjølvsagt ja til å stilla opp, pr er jo pr.

Men så ringte NRK Rogaland, som eg eigentleg likar mykje betre, men som ikkje hadde klart å formidla frå eit skift til eit anna at Målsiddisane hadde aksjon. Dei ville likevel ha meg bort for å prata på radioen, så det gjorde eg jo. Så fann dei ut at dei godt kunne tenkja seg å ha meg som gjest i studio seinare på kvelden. Radiogreia gjekk godt, trur eg. Fekk fem minutter eller noko, og det er jo over all forventing. I tillegg liker dei nynorskfolk der oppe, og lagar okei saker på oss.

Så var det tid for tv Aftenbladet. No kan ein merka seg at NRK ligg oppe ved universitetet, ein god busstur frå byen. Eg drog altså ned til byen, venta i ein og ein halv time, drog til Aftenbladet og prata der. Dei hadde spurt folk på gata, utan å finna ein som var for ideen vår. Så eg måtte nytta masse tid på å pressa inn argumenta våre og leggja nye premissar for å ikkje høyrast ut som ein idiot. Folka var ukoselege og hilste ikkje ein gong, men greitt nok.

Så var det venting i ei og ei halv time til, før eg tok bussen opp igjen til NRK Rogaland. No har eg endeleg lært kvar eg skal gå, så det tok ikkje like lang tid. Der var eg gjest i lokalsendinga, og var nøgd med å verta flytta fram før svanene med livsstilssjukdommar (som eg skal blogga om ein annan gong). Det var eigentleg veldig okei, eg klarte faktisk å sjå på det i etterkant, og det er ikkje kvar dag.

Eg smiska meg til å verta henta, og drog heim. Det varte ikkje lenge før jærradioen ringde, så eg var på lufta der i dag, og gjentok meg sjølv for femte gong.  No er det nok presse på ei stund, men eg har så mange telefonnumre etter kvart at det iallefall bør vera høve å få litt presse på landsmøtet vårt i Stavanger. No skal eg slappa av, skjer det noko meir får det venta til etter ferien.

4 kommentarer

Vidar

23.feb.2009 kl.13:42

Dette var jo ein hyggeleg start på dagen! Stod de lenge, og fekk de mange underskrifter?

Vebjødn

23.feb.2009 kl.21:17

Eg bit meg merke i at eg seier dette tidt og ofte (og det er jo eigentleg veldig bra), men du får tola det endå ein gong: Ååååå, kor det varmar ein gamal knark! :) Toppsaka (i eintal, bunden form) på Aftenbladet.no har vel Målsiddisane aldri hatt før? Eg gjev meg ende over ...

BRA JOBBA!!! :D:D:D:D:D:DD:D:D:

tritonus

24.feb.2009 kl.23:08

Di barske, barske nynorskdame!

Eva

24.feb.2009 kl.23:23

Takk, eg trur ei lita oppdatering er på sin plass på dette tidspunktet

Skriv en ny kommentar

hits