Ytringsfridom

Amnesty har ei kampanje om ytringsfridom, og i dag oppfordra dei bloggarar til å skriva om ytringsfridom. Kanskje er det nettopp slik ein kan nå ut til folk. Kva er vel ikkje eit betre teikn på ytringsfridommen enn alle bloggane som dukker opp og døyr kvar dag på verdsveven. Nokre klikk unna har me ein heil skog av uoppdaga bloggar. Dårlege bloggar, gode bloggar, interessante bloggar, keisame bloggar. Bloggar som skriv om krig og fred, og bloggar som berre visar fram moteklede. Det er bloggar du les kvar dag, og bloggar som du aldri vil finne. Eit endelaust bibliotek utan kvalitetssjekk.

Ein blogg treng ikkje å vera viktig, men ein stad, mitt i alt mylderet av tankar som ikkje tydar noko som helst dukker det opp noko spanande, noko viktig. Der tusener av røyster hyler ut, er det kanskje ein som seier noko som er verd å høyra. Det er litt av sjarmen. Plutseleg ein dag ser du sanninga framføre deg på skjermen, svart på kvitt (eller kanskje grått på blodraudt), og du forstår noko. For der ute er det menneske som fortel om liva sine, i rike Noreg, eller i krigsramma Gaza. Ikkje berre tydar det noko å lesa ein slik blogg. Det tydar om så ufatteleg mykje at han vert lesen.

Det er ikkje utan grunn av nettovervaking har vorte viktig. Mylderet av bloggar og bloggtenester gjev oss høvet til å formidla ting raskt og til mange. Bloggen vert eit verktøy for ytringsfridom, fridom til å seia noko viktig, eller berre noko tull. Fridom til å gøyma kven me er eller bretta det ut på nettet. Gjennom bloggen kan kvar og ein uttrykkja seg sjølv, ein kan formulera kvar tanke fleire gonger, gå tilbake, sletta, endra. Gjennom bloggen fortel me noko om oss sjølv, endå kor lite me seier. Til slutt liknar bloggen eigaren, uavhengig av om han eller ho ynskjer det, nett som hundar og hundeeigarar alltid liknar på kvarandre.

Samstundes er ein blogg eit passivt verktøy. Du veit aldri om nokon les han, om nokon faktisk bryr seg, så lenge dei ikkje etterlèt seg ein kommentar. Men sjølv om ein blogg ikkje kan endra verda, kan nok hundrevis av bloggar faktisk gjera ein skilnad. Ein blogg får den som skriv til å tenkja, ein god blogg gjer at lesaren byrjar å tenkja òg. Og ikkje minst, gjennom bloggane våre nyttar me den ytringsfridomen me til vanleg tek for gitt. Idag nyttar eg bloggen min til å hugsa på denne ytringsfridommen, som er er så lukkeleg for at eg har, og som eg likevel tenkjer så altfor lite på.

Ein eller annan stad las eg ein gong sitatet: "Write a blog, save a tree". Eg trur eg skal gjera det til mitt eige og seia: "Write a blog, save a thought".

Én kommentar

Sara

14.mar.2009 kl.12:39

Huff, no gir du alle lesarane dine prestasjonsangst! :P (det er forresten ein kompliment)

Skriv en ny kommentar

hits