Nett no

Eg pustar ut. Det er påskeferie, endeleg, og sjølv om det ikkje kjenst ut som ferie, so er det iallefall mindre stress. Ikkje at den siste månaden ikkje har vore bra, det har berre vore so utruleg mykje å gjera, heile tida. Men eg trur eigentleg eg har det veldig bra, når eg får sove nok. For ting går bra, ting går eigentleg jævlig bra, og det kjenst som om eg faktisk får til noko. Eg trur kanskje eg har gjort nok bra i det siste, og den kjensla er utruleg fin. Nett no er det ganske fint å vera meg.
Stikkord:

2 kommentarer

fridtun

14.apr.2009 kl.08:29

So bra!
:)

Sara

15.apr.2009 kl.13:13

:)

Skriv en ny kommentar

hits