Det vondes problem

Eg har allereie skrive om kva me driv med i religionen ein gong før, og her kjem litt meir. For som S.O. sa igår, det er inga fag me har so få timar i, men som me nyttar so mykje av tida vår til. Etter at me fekk ny lærar etter jul har religion vorte ein av dei kjekkaste faga. Samstundes er det so uhandterleg at me nyttar minst dobbelt so mykje tid til å diskutera det på kafé som i timen. Det er so vagt, eller so ullent som me som regel kjem fram til.

Den siste månaden har det gått i "Det vondes problem". For, om Gud er både allmektig og god, kvar kjem då det vonde ifrå. (No bør eg kanskje nemna innleiingsvis at eg ikkje trur på nokon Gud. Problemet vert derimot ikkje mindre interessant av den grunn.) For det er noko paradoksalt i det heile. For å parafrasera Hume, om Gud både vil og kan fjerna all vondskap, kvifor finst det vonde. Om han vil, men ikkje kan, so er han heller ikkje allmektig. Om han kan, men ikkje vil, er han då ein god Gud? Og om han korkje kan eller vil, kvifor skal me då kalla han Gud?

Vanskelege spørsmål, ikkje rart at mange har brynt seg på dei, frå Leibnitz til Luther. Og det finst fleire gode (og mindre gode) alternativ. Må det vonde finnast, for at me skal ha eit høve til det gode, kanskje? Utan skilnaden ville me ikkje vera i stand til å verdsetja det gode. Er det vonde ein straff, eller kanskje heller ein kraft som verker oppdragande på mennesket? Må Gud vera både god og vond for å vera perfekt?

Me samanlikna kristendomen og Islam her, og fann ganske klåre skilnader. For der kristendomen diskuterer det heile og ganske ofte "set Gud på tiltalebenken", vel Islam å seia at Gud berre er god. Alt anna er ein blanding av godt og vondt, viss ikkje ville det ikkje vore noko skilje mellom Gud og alt han har skapt. Menneska er ufulkomne, utan at dette samstundes er ei synd. Me må kjempa mot det vonde for å koma nærare Gud.

Noko løysing kom me aldri fram til, det ville vera sensasjonelt. Dimed kan me òg halda fram diskusjonen ved eit anna høve. Og det er ikkje so galt, det heller. Kanskje menneska treng slike spørsmål å grubla over. Og som S.O. sa, det er vel helst dei som ikkje er heilt sikre på kva dei trur, som oftast spekulerer i slikt. For om ein skal tru, må ein jo nesten akseptera Gud slik han er. Viss ikkje resulterer det berre i nye paradoks.

4 kommentarer

Eirik W.

17.apr.2009 kl.01:29

Slik verda ser ut i dag, er det liten grunn til å godta Gud slik ho er, sjølv ikkje for truande menneske. Dersom det er Guds ynske ? slik det til dømes er uttrykt i Bibelen ? at me skal byggja opp eit etisk og rasjonelt samfunn slik me har forsøkt rundt omkring, må me nesten kunna krevja den same retoriske og moralske standarden tilbake; alt anna hadde fått barberhøvelen til Ockham til å blenkja eldraudt. Dersom ein insisterer på å vera religiøs i dag, vil eg seia at ein nærast har ei moralsk plikt til å avkrevja Gud ei forklåring på kvifor ting er slik dei er.

Eva

17.apr.2009 kl.18:05

Problemet er at Gud er så allvitande at ein ikkje kan krevja noko av han. Dessutan ser han verda i eit anna perspektiv enn oss, slik at det som ikkje gjev meining no teknisk sett kan gje meining på eit anna plan seinare, som me ikkje kan forstå. Du har uansett gløymd eit av argumenta: Om Gud er perfekt, er han kanskje både god og vond. Eg og S.O. har leita og leita, men me fann aldri noko bibelsitat som seier at Gud er god, berre at han gjer gode ting. Og sist men ikkje minst, theodicéar er i stor grad noko som folk som ikkje trur på Gud driv med. Tru handlar om å akseptera ting som ikkje kan provast eller forklarast.

Eirik

17.apr.2009 kl.18:52

Spørsmålet om perfeksjonen er jo mest av alt lingvistisk -- er det perfekte det som innehar alle og utelukkande «positive» kvalitetar, eller er det det som er fullkome i den forstanden at det hyser alle slags kvalitetar? Eg kan uansett ikkje skjøna anna enn at gud bør forholda seg til menneska på nokolunde same viset som me forheld oss til henne, både av etiske og strategiske grunnar. Dersom gud er god, synest det vanskeleg å skjøna kvifor ho skulle vilja halda denne overordna planen, som skal syta for at ting «kan gje meining på eit anna plan seinare», hemmeleg; dersom gud er god og vond, forstår eg ikkje kvifor me skal godta henne.

Janne

27.mai.2009 kl.00:59

Eg skreiv nettopp oppgåve om det her. Eg har ei bok du må låne!

Skriv en ny kommentar

hits